Gjennom året har teamet arrangert ei rekke  ulike aktivitetar for elevane i friminutta og i april var det felles lunsj-buffè som stod på aktivitetsplanen. Eit felles måltid skapar samhald og gir rom for den gode praten utan forstyrring av mobiltelefon og skjerm.

Bufféen var dekka med brødmat, eit godt utval av pålegg i tillegg til frukt og grønt.

Det så ut til at store og små kosa seg i dei flotte lokala til SFO.