Skulen har nulltoleranse for mobbing, vald og krenkjande åtferd §9a-2. 

Aktivitetsplikta sikrar elevane retten til eit trygt og godt psykososialt skulemiljø.

Alle tilsette ved skulen skal:

  • Følgje med på elevane sitt psykososiale skulemiljø
  • Gripe inn ved krengjande åtferd, vald og mobbing
  • Varsle rektor ved mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt.
  • Ved mistanke skal skulen snarast undersøkje saka
  • Når ein elev ikkje har det trygt og godt skal skulen treffe eigna tiltak for å sikre at eleven oppnår eit god skulemiljø igjen.

Skulen skal sørgje for at alle partar blir høyrd.

Skulen skal lage ein skriftleg plan nrå det skal gjerast tiltak i ei sak. I planen skal det stå:

  • Kva prolemet tiltaka skal løyse
  • Kv tiltak skulen har planlagd
  • Kva tid tiltaka skal gjennomførast
  • Kven som er ansvarleg for gjennomføring av tiltaka
  • Kva tid tiltaka skal evaluerast


Meld frå om skulemiljøsak HER