Årets TV-aksjon skal redde liv og gje omfattande helsehjelp til nokre av dei mest sårbare i verda – menneske ramma av krig og konflikt. Gjennom TV-aksjonen skal meir enn to millionar menneske få livsviktig hjelp.

Krig og vald skaper enorme lidingar. Menneske blir drepne, og ringverknadane for lokalbefolkninga er katastrofale. Dei manglar vatn, mat og medisin, helsetilbodet vert svekka, dei må flykte fra heimane sine og har ingen jobb å gå til. Dette fører til underernæring, helseproblem, utryggleik og fattigdom.

Dei innsamla midlane går til Røde Kors sitt arbeid i ni land: Syria, Libanon, Sør Sudan, Afghanistan, Myanmar, Somalia, El Salvador, Guatemala og Honduras. Pengane går også til å hjelpe flyktningar som har kome til Noreg.

Røde Kors er fleire stader ein av få hjelpeorganisasjonar som slepp til med humanitær hjelp, og har gjennom lokale friviljuge tilgong til menneske i svært sårbare situasjonar. Gjennom TV-aksjonen skal fleire menneske i krig- og konfliktområde få livsviktige medisinar, helsehjelp, reint vatn og mat. Behovet er enormt, og kvart bidrag er med på å redde liv.

Ynskjer du å vere bøssebærar?

Målet er at alle husstander skal få besøk den 23. oktober. Til det treng vi ein del bøssebærarar.

Du kan melde deg som bøssebærar til Gunn Marith Homme på e-post: gmh@valle.kommune.no eller telefon 91837000.

Tidspunktet for bøssebæringa er mellom klokken 12:00 og 14:00 sundag 23.oktober.

 Fakta om TV-aksjonen:

  • TV-aksjonen er arrangert kvar haust ein søndag i oktober sidan 1974. I år går TV-aksjonen av stabelen 23. oktober.
  • Sidan 1974 har det norske folk samla inn over sju milliarder kroner som har gjeve titalls millionar menneske livsviktig hjelp.
  • Flyktningrådet hadde den første aksjonen og samla inn 125 millioner omrekna i 2013 kroner.
  • Frå 1978 vart sjølve innsamlinga arrangert av kvar kommune med ordføraren i spissen. No ligger ansvaret hjå over 500 kommune- og bydelskomitear.
  • Den aller fyrste gonga NRK stilte seg til rådigheit for et veldedig formål var i februar 1946, for aksjonen ”Nasjonalhjelpen for krigens ofre og de falnes etterlatte”.
  • Kong Haakon var den gong innsamlingsaksjonens høge beskyttar, og aksjonens motto var ”Du må ofre noe – mange ofret alt”.