Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Ungdomsarbeid og ungdomsklubb

Publisert
Denne artikkelen er over 7 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Ivan

HURRA - vi har endeleg fått ungdomsarbeidar att! Vi ønskjer Eliezer Ivan M. Contreras velkomen i stillinga.

Ungdomsklubben startar opp i veke 36, onsdag 3.september. Denne hausten vil vi prøve å ha ungdomsklubb annakvar onsdag i partalsveker og annakvar torsdag i oddetalsveker, altså torsdagar dei vekene det ikkje er kino. Vi har erfart at måndag ikkje er den mest optimale kvelden å ha klubb på, og prøver derfor å endre dag. Vi vil evaluere ordninga fortløpande. Etter kvart vil vi også prøve ut om det er ønskeleg med ungdomsklubb i helgene, og vi vil halde fram med å samarbeide med nabokommunane om større arrangement. Vi har allereie planlagt ein stor ungdomskonsert laurdag 18.oktober, i Kulturveka, då kjem Blodsmak (med m.a. byklegitarist Magnus Tveiten) og Folkefiender til Storstoga. Konserten er eit samarbeid mellom Bykle og Valle Kultur og fritid.

Til å vere oppvarmingsband vil vi invitere ungdomsband frå Setesdal, og deltakarar på Rock i Brokke bandseminaret.

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker