Amund Brottveit, Daniella Bjørgum Forde, Hege Viki og Silje Løyland Homme deltok frå ungdomsrådet, medan leiar for kultur og fritid, Torunn Charlotte Nyberg, møtesekretær Sigrid U. Pedersen og kommunedirektør Vidar H. Homme var med frå kommuneadministrasjonen.

2022 er det europeiske ungdomsåret og det passa difor bra at ungdomane fekk mange spennande saker å take stilling til på møtet. Statsforvaltaren har bede ungdomsråda i fylket om tilbakemelding på kollektivtransport og Valle ungdomsråd meinte at dette må styrkjast slik at det vert lettare å deltake på fritidsaktivitetar. Men som ein av utvalsmedlemene, Hege Viki, sa: «tilbodet er for dårleg, men me skjønar det er vanskeleg å få til når me er så få.» Bestillingsruter og minibuss vart nemnde som døme frå andre kommunar som kan vere aktuelt å vurdere også i Setesdal.

Kommunestyret har bede om ei vurdering frå kommuneadministrasjonen om møteplassar for ungdom. Ungdomsrådet hadde mange kloke innspel og tankar som leiar for kultur og fritid tok med seg vidare.

Planane for om- og utbygging av Storstoga vekte også engasjement. Arbeidsgruppa har lagt fram planar med eit kostnadsestimat på over 50 mill. kr, og dette er vesentleg meir enn det er sett av midlar til i gjeldande budsjett og økonomiplan. Kommunedirektøren har tilrådd at arbeidsgruppa må sjå på kostnadsreduserande tiltak før ein vedtek bygging, men ungdomsrådet meinte planane som no ligg føre bør nyttast i det vidare arbeidet og at bygginga tek til når økonomien tillet det.

Medlemene i ungdomsrådet såg fram til skuleferie, alle med sommarjobb i vente. Amund og Hege skal arbeide på Nordibø landhandel, Daniella har fått jobb hjå Bratt Friluftsliv og Silje bidreg i Bykle Vindu.