Bestill oppstartsmøte

  • Det krevst oppstartsmøte før planarbeidet kan settast i gong.
  • Oppstartsmøtet er gebyrbelagt. (Sjå gjeldande gebyrregulativ).
  • Skjema for å tinge oppstartsmøte fyllast ut og sendast til kommunen. 
  • I møtet går ein gjennom dei ulike punkta i denne malen PDF document ODT document . Referatet skrivast ved bruk av malen.
  • Etter oppstartsmøtet blir det tildelt ein planid som skal nyttast i relevante dokument og kunngjeringar.

Utarbeide og send inn forslag til detaljregulering

  • Plankonsulent kunngjer oppstart av planarbeidet i lokalavisa, på kommunen si heimeside og eventuelt på sosiale medier.
  • Kunngjøringa skal minimum innehalde kartskisse som viser avgrensning av planområdet og ei kort beskriving av formålet.
  • Krev planen konsekvensutgreiing (KU) skal planprogram leggast ut på høyring samtidig.
  • Fristen for merknader bør være minst 3 veker, ved KU skal fristen settast til minst 6 veker.
     
  • Plankonsulent skal varsle oppstart av planarbeidet med eiget skriv til rørde offentlige organ, registrerte grunneigarar, festarar og andre rettigheitshavarar, naboar, gjenbuarar og andre interesserte som blir direkte rørd.
  • Varselet skal gjere rede for forslaget og konsekvensar for omgivnadane.
  • Kart og illustrasjonar skal leggast ved.
  • Fristen for merknader bør være minst 3 veker.
  • Plankonsulent skal utarbeide planforslag etter Nasjonal produktspesifikasjon for digitale planer 

Alle dokument skal sendast inn i filformat PDF, men plankart skal også sendast i filformat SOSI. Gjeldande produktspesifikasjon er 20190401. Vi ønskjer at plankartet vert teikna med bruk av desse bokstavkodane som gjev unike namn på alle arealformål.

 

Dokumentasjon som krevast:

  • Planforslag sendas til kommunen

Offentleg ettersyn og høyring

  • Faktura for gebyr sendas forslagsstillar når plansaka takast opp til politisk behandling fyrste gong.
  • Saksbhandsamingsfrist er 12 veker frå komplett forslag er motteke.
  • Komplett planforslag leggas frem for plan- og miljøutvalet som gjer vedtak om at forslaget skal leggast ut til offentleg ettersyn.
  • Ved mottak av planforslaget blir saka gått gjennom og plankonsulent blir informert om vidare framdrift.
  • Kommunen kunngjer vedtak om offentlig ettersyn og høyring i lokalavisa, på kommunens heimeside og ev. i sosiale medier.
  • Rørde partar vil også bli varsla i eige skriv.

 Merknader og uttaler sendas til kommunen på e-post eller i brev innan 6 veker.

Planvedtak

  • Når høyringsfristen er ute sender kommunen innkomne merknader og uttaler til plankonsulent for vurdering og kommentar.
  • Merknader og uttaler med kommentarar innarbeidast i planforslaget.
  • Plankonsulent sender revidert planforslag til kommunen.
  • Planforslaget leggas fram for handsaming i plan- og miljøutvalet.
  • Innstillinga sendas over til Kommunestyret som fattar endelig vedtak.
  • Plankonsulent og rørde partar informerast om vedtaket i eige skriv frå kommunen.
  • I tillegg kunngjeras vedtaket i lokalavisa, på kommunens heimeside og ev. i sosiale medier.