Utbrot av tarmbakterie - hugs å steike hamburgarane godt!
Det er påvist eit pågåande utbrot av mage-tarmbakterien EHEC. Frysing tar ikkje knekken på E.coli-bakteriane, så no er det viktig at alt av hamburgarar og deigproduktar blir gjennomsteikte.

Kommuneoverlege i Bykle og Valle, Kjetil Juva, viser til FHI sine meldingar om saka.
- Dette er det viktig at folk får med seg, for det er snakk om ein svært ugrei bakterie, slår Juva fast.
17 tilfelle til no
Så langt er det påvist smitte hjå 17 personar landet rundt. Det er snakk om eit av dei største utbrota med EHEC i Noreg.
- Frysing er ikkje godt nok i dette tilfellet, difor er gjennomsteiking av produkt som hamburgarar, kjøttkaker og andre deigprodukt avgjerande, seier overlege i FHI, Silje Lavoll.
Både FHI, Mattilsynet, Veterinærinstituttet og aktuelle kommuneoverlegar er no involvert i utbrotsetterforskinga. EHEC-bakterien kan gje ulik sjukdomsutvikling og alvorlegheitsgrad, frå nesten ingen symptom til alvorlege tilfelle av blodig diare. I enkelte tilfelle kan ein infeksjon føre til hemolytisk uremisk syndrom (HUS), noko som kan føre til nyresvikt. Spesielt born, eldre og dei med svekka immunforsvar er utsette for å utvikle HUS.
Meir om FHI sine tilrådingar kan du lese HER