1. Geografisk avgrensing
Valle kommune ynskjer å inngå utbyggingsavtale for alle utbyggingsområder på vestsida av Otra frå og med Hylesdalen i Valle til og med frå Rysstad i sør, og i området frå Bakkebu til fylkesgrensa mot Telemark på Bjørnevatn. Dette gjeld gardsnummer 50, 51, 55, 56, 60, 61, 62, 63, 64 og 68 på vestsida og gardsnummer 22, 23, 24, 25, 30 og 31. Dette medfører at alle desse områda kan få tilbod om utbyggingsavtale.
2. Tiltak
Utbyggingsavtaler kan brukast innaføre alle typar tiltak som loven gir høve til. Valle kommunen er ein reiselivskommune og ser det som viktig at det blir tilrettelagt for samanhangande felles tur- og skiløyper. Ved utbygging av hytteområder vil det derfor bli kravd bidrag til opparbeiding av tur- og løypenett, også frå områder som ikkje ligg i direkte tilknyting til tur- og skiløypene. Bakgrunnen er at tur- og skiløypene er regulert inn og at det er stilt rekkefølgjekrav til tiltaka. Det kan også skje der tur- og skiløypene ikkje er regulert inn i planen for utbygginga, men at løypene er ein sentral del av løypenettet og at tiltaket likevel er inntatt som rekkefølgjekrav.
3. Grunneigarsamarbeid
Valle kommune ser det som fornuftig å sjå heile eller delar av utbyggingsområde i samanheng.
Som eit verkemiddel for å få gjennomført reguleringsplanar vil kommunestyret derfor gjennom føresegner til reguleringsplaner vurdere om det skal skje eit jordskifte. Etter krav frå ein grunneigar kan jordskifteretten fordele planskapt netto verdiauke mellom eigedomar som er innaføre ein reguleringsplan, jf. pbl. §12-7 nr. 3 og jordskifteloven § 3-30.
4. Hovudprinsipp for kostnadsfordeling
Utbyggar i eit utbyggingsområde skal sjølv betale avtala kostnader med tilrettelegging av naudsynt teknisk og grøn infrastruktur.
Anlegga vil ikkje bli overteke, vedlikehalde eller drifta av kommunen. Sidan dette er noe som kan endre seg skal alle tekniske anlegg utføres i høve til kommunal standard.
Kommunen vil ikkje overtake, vedlikehalde eller drifte løypenettet. Kommunen føreset derfor at utbyggar inngår private avtaler med kjøparane av tomtene der dei forpliktar seg til å etablere løypelag som har ansvaret for å drifte og vedlikehalde løypene når desse er ferdig opparbeida av utbyggar.