Har du symptom, tak ein sjølvtest
Du kan få gratis sjølvtest frå kommunen dersom du har symptom. Ta kontakt med Velkomstsenteret på telefon 37 93 75 00 for å bestille test. Telefontida er 09.00-14.00. I helgene ringer du bygdeheime på telefon 94504440.
Har du fått positiv sjølvtest?
- Dersom du får positivt resultat på sjølvtest (testen viser at du har Covid-19) ber vi om at du registerer det.
- For at vi skal halde oversikt over smittesituasjonen, er det viktig at flest mogleg registrerer positivt resultat.
- Du kan registrere deg ved å gå inn på denne linken: REGISTRERE POSITIV SJØLVTEST NB! DU MÅ VELGE BYKLE NÅR DU FÅR SPØRSMÅL OM KVAR DU BUR. Får du ikkje til å regsitrere digitalt kan du ringe til legekontoret og melde frå.
Les meir om kva du skal gjere om du får positiv test på Helsenorge.no