I Valle kommune skal hund vere i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda i tida frå og med 1. april til og med 15. oktober. Bandtvang gjeld over heile landet, og den generelle perioden er 01.april.-20.august. Grunnen til at vi har utvida bandtvang i Valle, er at dyrelivet her er ekstra sårbart i perioden april-september. Bandtvang skal hindre at hundar skadar andre dyr, som beitedyr, vilt og fugl.
Men det er visse unntak slik som § 2 i føresegna under viser.
Føresegn om bandtvang, Valle kommune, Aust-Agder.
§ 1.Eigar eller innehavar av hund i Valle kommune skal halde hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda i tida frå og med 1. april til og med 15. oktober i heile Valle kommune.
§ 2.Denne forskrifta gjeld ikkje for:
a) | dresserte gjetarhundar i arbeid |
b) | tenestehund i arbeid, samt under lovleg trening eller prøving |
c) | hund nytta i ettersøk etter såra eller sjukt vilt |
d) | jakthundar som nyttast under lovleg jakt, samt under lovleg trening eller prøving mellom 20. august og 1. april, og som blir følgd på forsvarleg måte av eigar eller innehavar |
e) | organisert trening av brukshundar. |
§ 3.Brot på denne føresegna er straffbart, sjå lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehald § 28.
§ 4.Denne føresegna trer i kraft 1. januar 2007.
Fastsett av Valle kommunestyre 20. desember 2006 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6.