Hovedtyngden av dei som deltek på kurs

Hovedtyngden av dei som deltek på kurs er flyktningar og innvandrarar som lærer norsk språk og samfunnskunnskap. Målet er inkludering med vekt på forberedelse til arbeid eller vidare utdanning. Både kunnskapsdepartementet, barne- og inkluderingsdepartementet og justisdepartementet legg viktige prinsipp for kommunens arbeid, og for målgruppas oppgåver og plikter. For de flyktninger som kommunen bosett, og som deltek i introduksjonsprogrammet samarbeidas det nært med flyktningekonsulenten i NAV.

Tenesteområdet omfattar også grunnskuleopplæring for vaksne.

over skulepliktig alder og treng grunnskuleopplæring

Du som er over skulepliktig alder og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring og kan få søke om dette i henhald til Opplæringslova § 4A-1. Opplæringa gjeld i dei faga du treng for å få vitnemål for fullført grunnskule for vaksne. Du har også rett på opplæring i grunnleggjande dugleikar om du treng det.

Tilpassast til ditt behov

Opplæringa skal tilpassast ditt behov. Det gjeld både omfang, lengde og tidspunkt for undervisninga. Vaksne skal ikkje plasserast i ordinære klassar saman med barn og unge.