Prosjektet inneber 25 like hytter, ei i kvar kommune i Agder. Målet er at dagsturhyttene skal gi meir friluftsliv, auka fysisk aktivitet og gode naturopplevingar for både fastbuande og tilreisande i Agder. Hyttene er på 12-15 m2, og skal vere opne heile året. Dei er meint for dagsturar, og kan difor ikkje nyttast til overnatting. Hyttene skal ligge nært kommunesenteret eller større befolkningskonsentrasjonar og gåturen til hyttene skal eigne seg for ein kort dagstur. Tilkomst til hytta bør vere via merka tursti og turen bør ta 20-45 min å gå.

 

Innspel sendast til post@valle.kommune.no innan 15. desember.

 

Meir informasjon om prosjektet «Dagsturhytta i Agder»