Valle kommune har fått opplyst at smittetilfelle er lokalisert i hyttefelt i Brokke. Kristiansand kommune sitt smittesporingsteam melder at dei følgjer opp den smitta i Valle og at dei har kontroll.

Minner om oppmoding om bruk av munnbind. Personar er smittsame 2 døgn før dei får symptom.

_________________________________________________________________

 

Det er i dag onsdag 24.02 påvist smitte hjå ein hytteinnbyggjar i Valle kommune. Vedkomande er i isolasjon og blir fulgt opp. Ein vil på bakgrunn av dette minne om at vi oppmoder om bruk av munnbind der ein ikkje kan halde ein meter avstand. Under finn du svar på spørsmål om kva du gjer dersom du er i karantene eller isolasjon.

 

 

Dersom du er i karantene eller isolasjon

Skal du dra eller bli heime?

HUGS: Bli heime om du er sjuk

 

Venter du på testsvar?

Vent med å reise på hytta til du har fått svar på prøven.

 

Kan du vere i karantene på hytta?

Nei, vi tilrår at du tek karantenetida heime. Du kan bli sjuk og trenge helsehjelp. Kanskje du også skal teste deg på nytt?

 

Kan du gjennomføre isolasjon på hytta?

Nei, vi tilrår at du er heime. Du kan trenge helsehjelp. Vi vil ikkje å belaste helsetenesta i kommunen unødvendig.

 

Reis heim frå hytta om du blir sjuk