Måndag 25. september klokka 18-21 er det klart for ein ny runde i soknehuset på Rysstad. I tre timar, med innlagt pause der det blir servert middag, skal alle gode idear og tankar fram.

- I 2021 var hovudtemaet pleie og omsorg og skule og oppvekst. Så kom ein likevel innom bustadsituasjon og bulyst. Det er tema for samlinga no, seier Magnus Berg i Valle kommune.

Ope for alle

Innbyggjarverkstaden i soknehuset er ope for alle i kommunen. Korleis vil me bu i Valle kommune i framtida? Kva er utfordringane i kommunen? Kva har ein av ressursar? Kva gjev bulyst og skaper attraktive lokalmiljø? Desse og fleire andre aktuelle tema skal på bordet.

- Å kome innbyggjarane i møte på dette viset er ein god måte å leggje grunnlag for ei god drøfting. Innspel og spørsmål, alt er aktuelt. No håpar me rektig mange innbyggjarar vil vere med på arrangementet måndag, seier Magnus Berg.