Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Valle kommune søkjer ekvipasjer for ettersøk av påkjørt/skadet hjortevilt!

Publisert
Denne artikkelen er over 4 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
hjort

Miljødirektoratet har vedteke endring i forskrift om utøving av jakt, felling og fangst gjeldande frå 01.04.16.

Instruks A3. pkt. 6 krev at godkjente ettersøksekvipasjer skal nyttast til ettersøk av påkjørt/skada hjortevilt. For å få ei slik godkjenning må dei ha gjennomført og bestått vidaregåande kurs i ettersøk.

Valle kommune ønskjer snarleg kontakt med personar med lokal tilhørigheit som kan ta på seg ettersøk av fallvilt og som sjølv har godkjenning og godkjent ettersøkshund etter dei nye krava. Kommunen ønskjer å inngå ei 5-årig avtale.  

Kommunen vil eventuelt bistå interessentar med naudsynt kursing. 

Du kan vende deg til:

Åsulv Aas – asulv.aas@valle.kommune.no

Telefon: 37 91 75 34 

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker