For å melde deg som medlem

Send ein e-post til politisk sekretariat ved Gunn Marith Homme på e-post: gmh@valle.kommune.no eller send ein SMS til 91837000. Og har du spørsmål om å vere deltakar i dette rådet er du velkomen til å ta kontakt.

Rådet for personar med funksjonsnedsettelse er eit rådgjevende organ i kommunar og fylkeskommunar.

Rådet har rett til å uttale seg i saker som gjeld personar med funksjonsnedsettelse, og kome med forslag og tilrådingar i slike saker. Rådet kan også ta opp saker på eget initiativ.

Rådet må vere representert av begge kjønn.

Det er ikkje krav om at representantane sjølv må ha nedsett funksjonsevne

Vi ynskjer også at unge deltek i rådet, med unge meiner vi 18-25 år.

Det er ikkje krav om at den som vert vald må ha stemmerett for å sitte i rådet og det er heller ikkje krav om at du må vere folkeregistrert som busett i Valle kommune.

 

Reglement for rådet vil bli lagt fram for kommunestyret så snart vi ser om vi får nok medlem.