Gjennomfører kampanje
Me brukar i dag store ressursar på papirpost. Difor set me i gang ein kampanje for å få fleire til å velje vekk papir. I løpet av dei næraste dagane vil dei som ikkje har oppretta digital postkasse, få ein hyggeleg e-post frå kommunen med ein oppfordring om å gjera dette.

Praktisk for innbyggjarane
Me trur også at mange innbyggjarar vil tykkje digital postkasse er praktisk: Du unngår unødvendig ventetid, og får mange brev frå det offentlege og det private direkte i den digitale postkassen, same kor du er. Raskt, sikkert og enkelt!

Skaffar du deg digital postkasse vil du få vedtak om barnehageplass eller skuleplass, vedtak i byggesaker og mange andre typar dokument i den digitale postkassen. Der blir dei liggande i ditt personlege arkiv så lenge du vil.

- Vi håpar mange av innbyggjarane som ikkje har oppretta digital postkasse kan ta seg bryet med å bruka nokre minutt på å gjere dette. Dei som treng hjelp til å oppretta digital postkasse, eller har spørsmål om tenesta, kan kontakta kommunen ved velkomstsenteret.

Slik skaffar du deg digital postkasse: Gå inn på norge.no

  • Vel «Digital postkasse»
  • Finn fram den elektroniske ID-en din (e-ID), for eksempel din BankID
  • Vel enten Digipost eller e-Boks

Følg instruksjonane frå e-Boks eller Digipost for å opprette postkasse.