Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
:

Testing for Covid-19

Har du behov for å bli testa for korona, ring 37 93 75 40 (kvardagar kl. 09-12 og 13-14).  Les meir...
A A A

Valle skule møter Holviga skule i fylkesfinalen!

Publisert
Denne artikkelen er over 6 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Foto: Håvard Raustøl, NRK

Foto: Håvard Raustøl, NRK

Etter å ha gjort ein strålande innsats i Klassequizen i januar med 11 av 12 mogleg poeng, har 10. klasse venta i spenning om nokon av dei andre 10. klassingane kunne tangere fylkesrekorden. Onsdag vart det endeleg klart at Valle skule blir med i finalen for Klassequizen.

Torsdag 9. april får heile klassen vere med til Kristiansand til fylkesfinalen for Aust-Agder og for Vest-Agder. Dei får ei omvising i NRK-bygget før sjølve finalen. Valle skule sitt lag skal møte Holviga skule som onsdag 18. mars klarte å oppnå 12 av 12 moglege poeng! Det blir noko for valleelevane å bryne seg på - og omvendt. Det er eit sterkt lag som representerer Valle skule. 

Følg med på radio/internett 9. april! 

Bilde

Foto: Håvard Raustøl, NRK
Foto: Håvard Raustøl, NRK
  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker