Valle ungdomsklubb er organisert under avd. Kultur og fritid, Valle kommune. Ungdomsklubben er for ungdomsskulealder og oppover, og juniorklubb for 5.-7.klasse. Faste klubbkveldar er onsdagar, og vi følgjer skuleruta. Det går gratis buss heim frå klubbkveldane når det er ungdomsklubb.

Kva skjer på klubbkveldane?

På klubbkveldane er det ulike aktivitetar. Vi har eige filmrom og kjøkken, og nyttar også idrettshallen og av og til bassenget. Klubben passar både for dei som er aktive og for dei som berre vil ha ein stad å spele sjakk eller biljard med nokon, sjå ein film eller rett og slett berre treffe andre. I tillegg til dei faste klubbkveldane står klubben for arrangement i løpet av året, t.d. ungdomskonsertar, fredagsklubb osb., og samarbeider ofte med klubbar frå nabokommunane, kulturskulen og andre. 

Kiosk

Det er kiosk på klubbkveldane, og alltid sal av varmrett. Vi satsar på låge prisar og mest mogeleg sunt utval i kiosken, og både når det gjeld mat og aktivitetar legg vi stor vekt på variasjon frå gong til gong. Inntektene frå matsal går til aktivititetar, turar og innkjøp som kjem klubbmedlemane til gode.

Klubbleiar

Klubbleiar er Eliezer Ivan M. Contreras, og på dei faste klubbkveldane er også Liv Åkre Trydal med. Klubben har eit ungdomsstyre, som består av 1-2 representant frå kvar klasse i ungdomsskulen.