Varsel om høyring av framlegg til lokal forskrift om nedsett konsesjonsgrense i Valle kommune
I medhald av kommunestyret sitt vedtak i sak 109/2022 vert framlegg til lokal forskrift om nedsett konsesjonsgrense sendt på høyring før endeleg handsaming.
Framlegg til lokal forskrift, kommunestyrevedtaket og kommunedirektøren sitt saksframlegg er tilgjengeleg i lenke nedanfor.
Føremålet med å innføre den lokale forskrifta om nedsett konsesjonsgrense er å setje konsesjonsfridomen etter § 4 i konsesjonslova ut av kraft for:
- eigedom med bygning som er eller har vore i bruk som heilårsbustad,
- eigedom med bygning som ikkje er teken i bruk som heilårsbustad, inkludert eigedom med bygning under oppføring, i område som i reguleringsplan etter plan- og bygningsloven er regulert til bustadføremål,
- ubebygd tomt som er regulert til bustadføremål
I tillegg legg framlegget til lokal forskrift til grunn at slektskapsunntaket i § 5 i konsesjonslova vert sett til sides.
Merknader og innspel til framlegget kan sendast til post@valle.kommune.no eller Valle kommune, postboks 4, 4746 innan 1.april 2023.