Valle kommune søker om endring i føresegner og plankart for Områderegulering Valle sentrum, planID 201102. Valle kommune sender saka ut på høyring i tråd med plan- og bygningslova § 12-10.

Endringa skjer på bakgrunn av vedtak gjort av Kommunestyret 27.02.19, PS 8/19 – oppfølging av førespurnad om leige av areal i kommunehuset. Valle kommune gjennomfører arbeidet med bruksendring av lokalane frå offentleg tenesteyting til tenesteyting / forretning / kontor.

Endring av områderegulering gjeld området «o_T1». Det skal regulerast til kombinert formål «o_F/K/T1».
Bakgrunnen for endringa er vedtaket det er vist til. Joker Valle/Andersens kolonial AS skal leige areal i fyrste etasje i Kommunehuset.

Forslag til endra plankart:
Endra plankart Valle sentrum.jpg

I vedlegg 2 viser ein til dagens føresegner og plankart. Endringa fører til at føresegner må oppdaterast:

Forslag til endra føresegner:
• 3.8 Tenesteyting (o_T2, o_T3)
• Offentleg tenesteyting o_T2: Området skal nyttast til offentleg tenesteyting.

Forslag til føresegn som må fjernast:
• o_T1: Tomteutnytting skal vere maksimalt 50% BYA eks. parkeringsareal. Maksimal mønehøgde 13 m over golv underetasje.

Forslag til nye føresegner:
• 3.21 Offentleg tenesteyting / forretning / kontor
• o_F/K/T1: Tomteutnytting skal vere maksimalt 50% BYA eks. parkeringsareal. Maksimal mønehøgde 13 m over golv underetasje.
• o_F/K/T1: Utvendig skilting: Skilt skal tilpassa arkitekturen og ikkje dominere bygningen. Det skal takast omsyn når skilt plasserast, slik at bygningen sin utsjånad og stil ikkje påverkast i negativ retning.
Bygningsskilt kan plasserast på bygningens fasadar eller frittståande i tilknyting til bygningen.

Dersom det ikkje kjem vesentlege merknader til endringa, vil kommunen handsame søknaden som ei endring som i liten grad vil påverke gjennomføringa av planen, og som ikkje går ut over hovudrammene i planen eller påverkar omsynet til viktige natur- og friluftsområde, jfr. PBL § 12-14 (mindre endring).

Merknad må framsettast skriftleg innan tre veker etter at dykk har motteke brevet. Merknad må gje opp saksnummer og kva merknaden gjeld. Frist for innsending av merknader er sett til onsdag 12. februar 2020. Merknad sendast til post@valle.kommune.no
Sakshandsamar og kontaktperson for Valle kommune er innleigd rådgjevar Maria Steinstø, tlf: 988 95 083, e-post: maria.steinsto@wsp.com.