Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Varsel om oppstart av detaljregulering av Jarnsverk parkeringsområde - Planid. 201401

Publisert , Oppdatert 29. januar 2014
Denne artikkelen er over 8 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
kommunen-informerer-teknisk-avdeling

I medhald av §§ 12-3 og 12-8 i Plan- og bygningslova, og etter oppdrag frå Brokke Aktivitet AS, vert det varsla igangsetjing av detaljregulering på gnr/bnr 62/315 og del av 62/7. Planområdet omfattar gjeldande plan "Reguleringsplan for Jarnsverknausen - massetak og parkering", vedteke 28.06.2006.

Innspel til planarbeidet eller planprogrammet skal sendast til alexander@plankontoret.no med kopi til Ingunn.Hellerdal@valle.kommune.no eller Plankontoret Hallvard Homme as, Boks 95, 4747 Valle med kopi til Valle kommune, Postboks 4, 4747 Valle innan 21. februar 2014.

Heile varslingsbrevet, kart og vurdering av behovet for konsekvensutgreiing, planprogram og referat frå oppstartsmøte finn du på høgre sida.

Du kan også sjå planomrisset i Planinnsyn. For å finne planen kan du t.d. søke med id`en 201401, eller deler av namnet, "Jarnsverk", og velje planen i treffa som kjem opp. I Planinnsyn vil ein kunne følgje planen og sjå kor langt handsaminga har kome.

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Vedlegg
  • Lenker