På oppdrag frå TaraId Rike og i samsvar med §§ 12-8 og 12-3 i Plan- og bygningslova, vert det med dette varsla oppstart av privat detaljregulering av skogsteig på Uppstad, del av 60/1. Planen vedkjem også kommunal veg til Uppstad-grenda. Føremålet med reguleringsarbeidet er å legge til rette for tilkomst og utbygging av eit lite bustadfelt på 5-10 hustomter. Plangrensa vil verte avstemt mot offentleg veg til Uppstad, nabogrenser i nord, vest og aust, i sør mot vassdraget. Grensa kan verte redusert under planarbeidet.

 

Gjeldande kommuneplan syner området avsett til bustadområde. Tiltaket er såleis i samsvar med arealføremålet i KP. Tiltaket utløyser ikkje krav om KU, det spørsmålet er avklart med kommunens planadministrasjon i oppstartsmøtet den 15.11.2019. Viktige tema i planutgreiinga vil mellom anna vere forhold knytta til avrenning/flaum knytt til bekken, støy, terrenginngrep, eksponering og trafikktryggleik. Området er ikkje avklart i høve til fornminne. Berørte partar i saka vert varsla særskilt med brev. 

Utbyggingsavtale (P131 §17).

Det varslast på same tid oppstart av forhandlingar om Utbyggingsavtale etter obi § 17-3 og 4. Avtalen skal regulere tilhøvet mellom kommunen og grunneigar/utbyggar ved gjennomføring av det regulerte tiltaket. 

 

Innspel til planarbeidet skal sendast til: Plankontoret Hallvard Homme AS, Boks 95, 4747 Valle, eller post@plankontoret.no innan 27. januar 2020. Opplysingar kan de få ved å venda dykk til Tarald Rike, 47011060 eller Hallvard på 95937000.