Innleiing
I medhald av §§ 12-3 og 12-8 i Plan- og bygningslova, og etter oppdrag frå grunneigar Torbjørg Ege, varslar vi at det skal setjast i gong detaljreguleringsarbeid på delar av gnr/bnr 50/6.
Føremålet
Forslagsstillar har i tankane å utvikle eit hytteområde i nærleiken av heimestøylen Burak i Hylesdalen på 10-15 tomter.
Lokalisering
Området ligg i Åmli-Hylesdalen. Planavgrensinga kjem fram av kartvedlegg 1 og 2. Hyttefeltet ligg i eit området med sommarbilveg heilt fram. Parkering sommartid vert dels på eiga tomt og dels på felles parkeringsplass. Vinterparkering skal føregå på eigen parkerings-plass på eigen grunn langs Bergsvegen, jfr. plangrense 2.
Overordna plan
Teigen som no skal utviklast og byggjast ut er i dag sett av til byggeområde for hytter i gjeldande kommuneplan, teig LSF18. Forslagsstillar vil utarbeide detaljplanen i samsvar med overordna plan. Planområdet vedkjem ikkje Heieplanen.
Oppstartsmøte og KU
Det er halde oppstartsmøte med kommunen om igangsetjing av planarbeid og det er gjeve klarsignal for å iverksetje planlegging. Valle kommune vil ikkje stille krav om konsekvens-utgreiing i samsvar med «Forskrift om konsekvensutredninger for planer etter plan- og bygningsloven».
Utbyggingsavtale
Planprosjektet vil ikkje utløyse krav om utbyggingsavtale.
Innspel
Planarbeidet startar omgåande. Innspel til planarbeidet kan sendast til post@plankontoret.no innan 14. januar 2019. Innspel kan og sendast som brev til Plankontoret Hallvard Homme AS, Boks 95, 4747 Valle. For nærare informasjon kontakt Steinar på tlf. 379 37000.
Planinnsyn: http://tema.webatlas.no/0940/Planinnsyn?planid=201803