Meteorologisk institutt har varsla store nedbørsmengder på Agder denne helga (20.-22. oktober), men ikkje på langt nær dei same mengdene som kom under flaumen for tre veker sidan. Det kan likevel vere lurt å vere litt føre var, så følg gjerne med på  www.varsom.no for å halde deg oppdatert på flaum- og jordskredvarsling frå NVE. Det kan også vere lurt å sjekke dersom du skal ut og reise, til dømes dersom du skal til kommunane Iveland, Birkenes, Lillesand, Froland, Tvedestrand, Vegårshei, Arendal, Grimstad, Risør, Åmli og Gjerstad, der det er sendt ut flaumvarsel.

Sjå elles www.met.no for nedbørsvarsel frå Meterologisk institutt.