Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Vasslekkasjen i Valle sentrum

Publisert , Oppdatert 10. november 2022
Arbeid med vasslekkasje

Oppdatert kl. 14.50:

Arbeidet med å finne lekkasjepunktet held fram, og me vil i kveld kl 22:00 stengje vatnet i det same området som i går for vidare reparasjon. Vatnet vil vere attende til morgonen.

 

Torsdag i førre veke oppstod det lekkasje i hovudvassleiinga gjennom Valle sentrum. Denne vart reparert i løpet av same føremiddagen av Teknisk eining, men i etterkant var det ikkje mogleg å oppnå tilstrekkeleg trykk på vatnet. Det vart gjort eit par midlertidige løysingar for å bøte på problemet, slik at det kunne gjerast feilsøking på leidninga dei neste dagane. Det vart etter kvart avdekka ein defekt ventil i ein vasskum nedanfor bygdeheimen. Denne vart reparert i natt, og ein er dermed eitt steg nærare lekkasjen.

 

I dag har Teknisk halde fram med feilsøkinga med ekstern bistand frå SJT Miljø, eit firma med spesialkompetanse på arbeid med vatn- og avlaupsproblem. SJT Miljø har kamera og lytteutstyr berekna for å finne slike lekkasjar. Dei store nedbørsmengdene som har vore den siste tida gjer feilsøkinga ekstra krevjande, sidan den vassjuke jorda gjer det vanskeleg å oppdage lekkasjane med det blotte auget. Samstundes gjer det at lytteutstyret ikkje fangar opp dei ynskte kjeldene like godt.

 

Arbeidet med å finne lekkasjepunktet held fram, og kommunen vil informere etter kvart om og når det eventuelt er behov for å stenge vatnet i samband med dette.

Bilde

Arbeid med vasslekkasje 2
  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker