Teknisk drift utfører alle tenester knytta til drift av vatn og avlaupsrenseanlegg samt forvaltning, drift og vedlikehald av det kommunale vatn og avlaupsnettet.

Forsyning av drikkevatn er underlagt Drikkevannsforskriften som stiller krav til vassforsyning og vasskvalitet.

Avlaupstransport og avlaupsrensing er underlagt Forurensingsforskriften som stiller krav til håndtering og rensing av avlaupsvatn. Teknisk drift har også ansvar for å håndtere avlaupet frå innbyggjarane i kommunen. Avlaupsvatn vert samla og rensa i renseanlegg.

Tøming av septiktankar vert utført av SJT Miljø AS. Tøming skjer annakvart år i Valle og Hylestad. 

Dei med private vassverk/brunnar kan bestille vassprøve her.

Rettleiing og skjema for søknad om utslepp

Skjema søknad om tilknyting til offentleg vatn- og avlaupsnett