Planen inneber at det kan byggast totalt 182 nye høgstandard fritidsbustader innanfor planområdet. Det er sett av to sentrale område til nærmiljøanlegg i tillegg til store friluftsområde. Før utbygging i austre del av planområdet, skal toppen av fjellet Sitåsen sprengast ned med ca 30 m. Det er knytt føresegner til drifta av massetaket. For meir utfyllande informasjon syner ein til nedanfor ståande.

Plankart, planomtale og planføresegner kan sjåast på Velkomstsenteret i Valle kommune. Evt. spørsmål kan rettast til Teknisk avdeling.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jf Plan- og bygningslova § 12-12 og § 1-9. Evt. klage må framsettast skriftleg til Valle kommune innan 19.02.2014. Ved evt. klage må de oppgi kva klaga gjeld og grunngjeving for klagen.


Valle kommune
ordføraren