Velkomen til boklansering
18. oktober vert bokhaustens flottaste bok lansert!
Rune & Margit & Moi – I Setesdals kulinariske skattkammer byr på ei rundreise gjennom Setesdal, og bognar av freistande oppskrifter, vakre bilete og gode historier.
Rune Andersen, Margit Dale og Trond Moi er tilstade, saman med bokas forfattarar og fotograf, og fortel om arbeidet med boka.
Valle bygdekvinnelag serverar suppe m/eplekake og det vert sal og signering av bøker.

Alle er hjarteleg velkomne!

Stad: Valle meinigheitshus, Valle sentrum
Tid: Sundag 18. oktober klokka 14:00 – 16:00