Velkomstsenteret ligg i kommunehuset i Valle, 1. høgda. Me har som mål å betre servicen mot brukarane ved å tilby så mange tenester som mogleg på ein stad. Velkomstsenteret skal vere brukarane sitt fyrste møte med kommunen.

  • Sentralbord- og resepsjonsteneste i høve til innbyggjarar og tilsette i kommunen. Intern serviceeining for alle merkantile oppgåver.
  • Post og arkiv
  • Informasjon og kommunikasjon (redaktøransvar heimeside og bygdenytt)
  • Enkel sakshandsaming - målet er at du kan få rask svar på enkle søknader, så og seie "over disk".
  • Politisk sekretariat
  • Bustadkontor
  • Turistkontor (lokalisert på biblioteket)

I Velkomstsenteret kan du hente ekstra sekker til plast- og matavfallsposer. Desse er gratis.

Vidare har me ein PC som det er gratis å bruke.

Velkomstsenteret sender også ut faktura på eigenbetaling for kommunale tenester, t.d. husleige for kommunale bustader, etc.

Me i Velkomstsenteret er:

Namn: Ansvarsområde: Telefon:
Gunn Marith Homme                          Leiar, politisk sekretariat, bustadkontor                                  91837000
Sigrid Uppstad Pedersen   Arkivleiar 94504430
Torbjørg Trydal

Sentralbord, kyrkjegard, fakturering

90403733
Marie J. Pedersen  Sentralbord, Setesdal regionråd, heimeside 90831103