Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
:

Testing for Covid-19

Har du behov for å bli testa for korona, ring 37 93 75 40 (kvardagar kl. 09-12 og 13-14).  Les meir...
A A A

Ver bilfri når du drikk, også dagen derpå

Publisert , Oppdatert 11. desember 2014
Denne artikkelen er over 6 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
UP_juli_2013_nr_087[1]

Kvar dag blir det gjennomført heile 30 000 køyreturar i alkoholrus. Det vil seie at vi møter promillekøyrarar på vegen langt oftare enn vi trur. No i desember, med festlege anledningar på løpande band, blir vi alle utfordra litt ekstra.
 
I Noreg er vi imot promillekøyring, og vi var først ute i verda med ei fast promillegrense. Men likevel køyrer altså mange med promille. Rus er årsaka til kvar fjerde dødsulykke på norske vegar. Det er godt kjent at alkohol svekkjer køyreevna, og promillegrensa er på 0,2. Då er det best å vere heilt alkoholfri når ein skal køyre bil. Og heilt bilfri når ein skal drikke alkohol.
 
Dagen-derpå-promille kan vere ei utfordring. Sjølv om ein føler seg edru, kan ein framleis ha promille og vere ein fare for seg sjølv og andre i trafikken. Derfor er det viktig å tenkje seg om ein ekstra gong og vere særleg påpasseleg no som det er så mange festlege anledningar.
 
Setesdal kommunane er AV-OG-TIL-kommunar. Saman med AV-OG-TIL og politiet jobbar vi for rusfri trafikk. I desse dagar kan du møte politiet som oppmodar alle til å vere heilt edru bak rattet.

Bilde

UP_juli_2013_nr_087
logo av og til
  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker