VIKTIG INFO OM MØYKJEROMET 2016

-Dersom du vil trene på Møykjeromet, vere med på styrketreningar eller spinning i 2016, må du passe på at du er registrert på Min Idrett med e-postadresse innan 10. januar 2016. Du vil då motta faktura for Møykjeromsavgifta. Dersom du ikkje er registrert innan denne datoen blir brikka di stengt.

-Treningsavgifta for Møykjeromet er kr 1000,- for heile 2016. Det er ikkje lenger muleg å betale for eit halvt år av gongen. Halv pris for studentar og skuleungdomar. 

MEDLEMSKONTINGENT FOR 2016

Medlemskontingent for 2016 blir utfakturert når du har registrert deg på Min Idrett og søkt medlemsskap i Valle IL der. Hugs at heile familien må vere registrerte – store som små.