Meddomar

Vi treng meddomarar

Kommunen ønskjer fleire meddomarar til tingretten og lagmannsretten.

Etter kvart kommuneval skal det veljast nye meddomarar til tingretten og lagmannsretten. Det er også stadig utskiftiingar på grunn av flytting, sjukdom, jobbsituasjon og anna. Difor treng kommunen stadig nye namn til slike verv.

Kva er ein meddomar?

Meddomar (lekdomar) er ein ikkje juridisk utdanna person som saman med ein fagdomar er med på å ta avgjersler i rettssaker. Som meddomar kan du rekne med å bli kalla inn to gonger i året. Dei fleste rettssaker varer frå ein til tre dagar, sjølv om enkelte saker kan vare noko lenger. Meddomarar blir valgt for ein periode på fire år.

Meddomar i tingretten

Vervet som meddomar i tingretten inneber at du er ein av to lekmenn som skal døme i straffesaker saman med ein fagdomar.

Meddomar i lagmannsretten

Vervet som meddomarr i lagmannsretten inneber blant anna at du er ein av fire meddomarar som skal døme i straffesaker saman med tre fagdomarar. Du vil også kunne gjere teneste i enkelte sivile saker.
Vervet som meddomar i lagmannsretten inneber at du saman med ni andre skal avgjere skyldspørsmålet i dei alvorlegaste straffesakene, som har ei strafferamme på over seks års fengsel.

Rettigheiter

Vervet som meddomar er ein samfunnsplikt. Dette inneber blant anna at du normalt får fri fra ordinært arbeid for å utføre vervet. Medfører vervet tapt arbeidsforteneste, får du erstatning for legitimert tap.

Kven kan vere meddomar?

Domstollova stiller visse krav til kven som kan veljast til meddomar. Blant anna må du være over 21 og under 70 år ved valperiodens start, du må ha stemmerett samt stå innført i folkeregisteret i Valle kommune på valdagen. Det er eit vilkår at du har tilstrekkelege norskkunnskaper.

Dei som veljast, skal også vere alminnelige hederlige samfunnsborgarar som er godt skikka til vervet (ikkje straffedømt). Lovens generelle krav er at ein meddomar skal ha tilstrekkelege norskkunnskaper og vere personleg egna til oppgåva. Utvalga skal vere samansett slik at dei representerer eit gjennomsnitt av befolkninga.

Kontakt

Ønskjer du å bli meddomar eller lagrettsmedlem i Valle kommune? Meld di interesse eller foreslå kandidatar til oss. Vi treng namn og adresse, fødsels- og personnummer, utdanning, yrke og arbeidsgjevar, samt telefonnummer.

Frist 01.05.20

Kontaktperson: Gunn Marith Homme, telefon 379 37 500, e-post: gunn.marith.homme@valle.kommune.no