Valle kommune kan i år tildele 16 fellingsløyver – 2 simle/ungdyr, 6 simler og 8 kalvekort.

Søknad om fellingsløyve sendast til Valle kommune, Postboks 4, 4747 Valle, evt. e-post: post@valle.kommune.no

Søknadsfrist 25.07.18

 

Korta kan brukast i bygdejaktterrenget heile jakta. I tillegg er det opna for å jakte vidare inn i Njardarheim dei dagane som ikkje er farga grå i tabellen. Dette er dei to siste dagane i kvar jaktperiode, samt perioden frå 26.09 til og med 30.09. Jaktfelt Ljosådalen er stengt for bygdejakt fram til og med 25.september grunna opplæringsjakt.

Det er frå 2018 ei prøveordning der bygdejegarane kan reise inn i terrenget kvelden før jakt, jegarane skal då campe og opphalde seg i umiddelbar nærleik av båten til neste dag. Det vert også tillate å gå turistløypenett til turisthytte. Det er viktig at bygdejegarane viser omsyn til jegarane som alt jaktar i jaktfeltet.

Unntak frå regelen om jakt i heile Njardarheim gjeld for sameiga Steinheii i Bykle og Heddelene (Juvatn) og Øvre Brokkehei i Valle og ei sone rundt Gyvatn med ferdselsforbod. Jakt i Øvre og Nedre Uppstad Driftehei vert ikkje tillate før hvite dager etter 1.september.

Som ein del av GPS merkeprosjekt så er det ynskjeleg å kartlegge kvar dyrene blir felt, og det er viktig at jegarane påfører fellingsstad på korta.

Det er også ynskjeleg at flest mogleg av dyra vert vege nøyaktig. 

Frå 2018 skal samtlege felte dyr eldre enn 1 år tas CWD prøve av. Detaljar om dette kjem på www.villreinlag.no og Setesdal Ryfylke villreinlag si facebook side. Statskog vil distribuere prøvetakingsutstyr til kontaktpersonane for bygdejakta før jakta starter. Det er pr no uavklart når desse vil bli sendt ut frå Villreinnemda til dei ulike valdleiarane. Det er viktig at alle jegarane set seg inn rutinane for innsending av prøver.

Jaktfri sone langs Brokke-Suleskardvegen

Ordninga med jaktfri sone langs vegen er som før. Breidda på sona er det arealet som er synleg frå vegen.

Vis respekt for værforholdene i fjellet. Forholda på vannmagasina kan endre seg fort, så bruk båt m/motor som er stor nok, og hugs redningsvest.

Jaktoppsyn

Statskog SF har inngått en avtale med Statens Naturoppsyn om jakt og fiskeoppsyn på statsgrunn. Personell fra Sno har derfor myndigheit til å kontrollere forhold av privatrettslig karakter.