Tilbakemelding  frå juryen:
 
Vaksne:
1. Bilete nr 10 – På veg til  Vallefrokosten. Biletet treff temaet, er vellukka fototeknisk og gjev gode kjensler.
2. Bilete nr 4 – Titt tei.  Biletet har personlegdom og er eit scoop- syner  ein augneblink i kvardagen.Kan fotografen hatt ein politisk baktanke med fotografiet tru?(NB- dette er berre ein kommentar og ikkje eit vurderingskriterium!!)
3. Bilete  nr 5- Kvae- Biletet syner kvardagen i mikroperspektiv- er fototeknisk bra og treff temaet.
 
Barn og unge:
1. Bilete nr 1 – Fototalent! Fangar det ekstraordinære i det ordinære. God komposisjon og treff temaet godt.
2. Bilete nr  7 – Born med hageslange. Godt situasjonsbilete frå kvardagen med mykje liv- god komposisjon og godt fototeknisk
3. Bilete nr 3 – Inni treet. Biletet kjev ei kjensle av den gode sommaren som var. Godt fototeknisk.
 
Juryen takkar for oppdraget.
 
Signe Sollien Haugå       Vidar Homme       Arne Tronsen
 
Vinnar publikumsfavoritt – bilete nr. 1 barn/ungdom.
 
Vinnar publikummar som gav si stemme: Eivind Berg.
 
 
Premiane kan hentast på Velkomstsenteret.