Helsefellesskapet Agder og Universitetet i Agder (UiA) blei denne veka invitert til ein workshop for å kome med innspel til Sørlandet sykehus HFs Utviklingsplan 2040.

I likskap med landets øvrige helseforetak skal Sørlandet sykehus HF (SSHF) utarbeide sin Utviklingsplan 2040, ei revidering av Utviklingsplan 2035. Arbeidet vil pågå utover hausten 2021 og vinteren 2022 fram til sjukehusstyret får saka til behandling 22. april og styret i Helse Sør-Øst RHF innan fristen 1. mai 2022.

I løpet av prosessen fram til ferdig Utviklingsplan 2040, skal alle rørte partar bli involvert, og få høve til å gje sine innspel gjennom ein høyringsrunde.
Helsefellesskapet Agder som representerer Agderkommunene blei saman med UiA invitert på workshop for å komme med innspel til kva Utviklingsplanen må ta innover seg mellom anna med tanke på endringar i demografi, struktur, kompetansebehov og anna utvikling på Agder.

I workshopen var det viktig for SSHF å etablere eit felles utfordringsbilde for regionen fram mot 2040, og korleis helsetenesta for særleg følgjende grupper vil sjå ut då:
- Barn og unge
- Vaksen med alvorege psykiske lidelsar og rusproblem
- Skrøpelege eldre og multimorbide

Blant dei tema som blei diskutert, var også samhandling om helseteneste i heimen med vekt på digitalisering og moglegheitene som ligg i ny teknologi.

Innspela frå workshopen vil bli brukt i utforminga av Utviklingsplanen 2040. Utkast til plan vil bli sendt ut på høyring i starten av desember.


Det vil vere ein oppdatert side på sshf.no med meir informasjon.
Utviklingsplan 2040 - Sørlandet sykehus (sshf.no)