Påskemøtet i Valle onsdag flytta frå Sæbyggjen til kommunehuset
På grunn av røyklukt etter branntilløpet i det offentlege toalettet i Sæbyggjen i Valle sentrum tysdag kveld er det årvisse påskemøtet mellom Valle kommune og hyttefolket onsdag 27. mars flytta til kommunestyresalen i kommunehuset.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 27.03.2024 08:41
Sist endra 27.03.2024 08:41
Påskemøtet i Valle onsdag 27. mars er flytta frå Sæbyggjen og hit til kommunehuset. Møtet går føre seg i kommunestyresalen frå klokka 10-12.
Ole Birger Lien
Programmet er ikkje endra som fylgje av flyttinga, heller ikkje tidspunktet.
Informasjon
Det betyr at frå klokka 10-12 kan kommunen kome med sin informasjon, ulike aktørar som Raudekrossen og politiet er med, og ikkje minst skal hyttefolket sjølv få kome til orde. Men i kommunestyresalen i kommunehuset altså.