Frå Ukraina og internasjonal handball til treningar for born i Vallehalli!

Ein av flyktningane frå Ukraina som har busett seg i Valle er Iana Sitenko. Handballkeeperen har spelt på høgt internasjonalt nivå - no drar ho i gang handballtreningar i Vallehalli! Oppstart er like etter påske, tysdag 2. april klokka 17-18.

Iana Sitenko frå Ukraina blir handballtrenar i Valle. Ho har spelt i fleire år på høgt internasjonalt nivå. - Klikk for stort bileteIana Sitenko frå Ukraina blir handballtrenar i Valle. Ho har spelt i fleire år på høgt internasjonalt nivå.

Det er aldersgruppa 8-14 år, både gutar og jenter, som no får ein unik sjanse til å lære handball av ein verkeleg proff! Med bakgrunn frå lag som Ukraine Dnepranca og ikkje minst landslaget i Ukraina, kampar i cup både i VM og EM, burde verkeleg Iana ha mykje å lære frå seg på banen! Ein treng på ingen måte å kunne handball frå før for å vere med på treningane, dette er for alle som vil lære!

Får hjelp av lokale foreldre

For å få til treningane treng Iana bornevakt for sine eigne to born så lenge treningane går føre seg. Det er ikkje eit problem så lenge det er lokale foreldre til stades i hallen som kan sjå etter medan treningane held på.

– Dette opplegget kjem etter initiativ både frå Iana og lokalt. Så er det sjølvsagt avgjerande at det er nok lokale foreldre på lista over dei som kan passe på. Me er avhengige av at mange nok melder seg, seier flyktningekonsulent i Valle kommune, Birgit Homme Harstad.

Har du spørsmål om treningane, behovet for vaksne i hallen eller anna kan du ringe henne på 917 78 410 eller sende ein e-post HIT