Godt oppmøte på påskemøtet i Valle
Representantar frå dei fleste hytteforeiningane i Valle kommune møtte opp for å få med seg påskemøtet med Valle kommune onsdag 27. mars.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 27.03.2024 18:30
Sist endra 27.03.2024 18:30
Mange ville ha med seg påskemøtet i Valle onsdag 27. mars.
Ole Birger Lien
I kommunestyresalen samla både hyttefolk, kommunalt tilsette og representantar frå andre aktuelle aktørar seg til informasjon, dialog og drøftingar.
Mange tema
I tillegg til kommunen og hyttefolket kom det informasjon frå helseeininga i kommunen, Raudekrossen, politiet og kyrkja. Oppslutninga om det årvisse møtet viser både eit behov og ei interesse. Me lovar å kome tilbake med ei fyldig dekning av påskemøtet så snart høgtida me no går inn i er vel overstått!