Guide til korleis ein fylgjer Valle kommune i appen Civis

Til no har over 600 menneske lasta ned gratisappen Civis for å fylgje og få nyheitsvarslingar frå Valle kommune beint inn på mobiltelefonen. Så har ikkje alle fullført registreringa, noko som gjer at dei ikkje får varslingane dei skal.

Valle kommune har teke i bruk appen Civis for nyheitsvarsling til mobiltelefonen. - Klikk for stort bileteValle kommune har teke i bruk appen Civis for nyheitsvarsling til mobiltelefonen.

I tilegg til å laste ned appen og krysse av for at ein skal fylgje Valle kommune, må ein også krysse av at ein vil ha varslingar frå kategorien “Nytt frå Valle kommune”. Først då får ein varsel når kommunen legg ut nyheitssaker på heimesida. I Civis kan ein sjå bilete og ingress, og ein er bare eit tastetrykk unna sjølve saka på heimesida.

HER (PDF, 224 kB) er ei rettleiing for fullstendig registrering

Vil du laste ned Civis for å få med deg stort og smått i Valle kommune? Då går du inn HER