Kommunestyremøte i Valle onsdag 24. april

Kommunestyret i Valle samlar seg onsdag 24. april klokka 18.00 med ei rekke saker på lista.

Det er kommunestyremøte i Valle onsdag 24. april. Her frå møtet i februar i år. - Klikk for stort bileteDet er kommunestyremøte i Valle onsdag 24. april. Her frå møtet i februar i år. Ole Birger Lien

Før dei folkevalde kan ta til på sakslista, er det to orienteringar. Statsforvaltaren kjem på besøk, og skal greie ut om statsforvaltaren sine roller og oppgåver. I tillegg kjem det mykje omtalte stavkyrkjeprosjektet. Prosjektleiar Sandra Birkenes skal orientere.

Bubilar og fricamping

I sakslista er det som alltid mangt ulikt. Dei folkevalde skal ta stilling til bruk av Valle sentrum, ein skal sjå på finansielle måltal for kommunen, og plan for motorferdsle i Valle kommune skal reviderast. I tillegg kjem ein innom tema som økonomisk støtte til padelbane i regi av Valle IL, bubil og fricamping i kommunen og arkiv- og museumsstrukturen i Agder.

Lyd og bilete

Som rutina no er, blir møtet streama med både lyd og bilete. Det skulle ikkje vere nødvendig å seie at akkurat den jobben er det Valle radio som tar seg av.

HER er lenke til overføringa.

HER er lenke til saksdokumenta