Kulturskulane i Unesco-kommunane i samarbeid om folkemusikk

Kulturskulane i Bykle, Valle og Bygland samarbeider no om eit tilbod innan folkemusikk. Samarbeidet er ei vidaresatsing på Unesco Setesdal og den immaterielle kulturarven.

Det interkommunale folkemusikktilbodet inkluderer munnharpe, hardingfele, kveding og leikarring i kulturskulen. 

– Nye elevar får sjansen til å prøve ut ulike instrument, og det blir mykje samspel. Det kan også bli aktuelt med gruppeundervisning viss fleire nybyrjarar søkjer på same instrument, seier leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.

Også frå andre kommunar

Tilbodet om plassar som del av satsinga gjeld i første omgang elevar frå Bygland, Valle og Bykle. Viss det er kapasitet til det, kan også elevar frå Evje og Hornnes kommune få plass. 

– Dei som har spørsmål må kontakte sin lokale kulturskule, seier Torunn Charlotte Nyberg.

Søknadsfristen for skuleåret 2024/2025 er 15. mai.