Mange tar turen til Lauvåsloptet!

Dagsturhytta Lauvåsloptet i Valle har blitt eit populært turmål, og det er ikkje lengre turen enn at dei fleste kjem seg fram!

Mange tar turen til Lauvåsloptet, og får utsikt over heile Vallebygda som beløning. - Klikk for stort bileteMange tar turen til Lauvåsloptet, og får utsikt over heile Vallebygda som beløning. Ole Birger Lien

30-40 minuttar frisk naturveg frå Valle sentrum og oppover lia i aust er alt som skal til - då får ein tilgang til ei hytte som har utsikt over heile Vallebygda. I hytta er det vedomn, ein finn lesestoff, benkar med koselege puter, beint og greitt “heieidyll” der oppe i skogen. 

Flott tur opp

Turen opp er ei oppleving i seg sjølv. Gamle landbruksvegar, fine naturstiar. Tre og gras, buskar og steinrøyser. Her er ein nær bygda, men i naturen. Det er som om lufta endrar seg på veg opp. Blir litt friskare, litt skarpare. Vel oppe kjem beløninga - ein er på “taket” av bygda og kan puste ut!

Flinke til å rydde etter seg

Trass i mykje bruk er det orden og reint i hytta. Regelen er enkel og grei: ein tar av seg skoa før ein går inn, og ein rydder og feier etter seg når ein drar. Det ser det heldigvis ut til at dei fleste har fått med seg. I dagsturhytta er det greitt med plass, og ikkje minst er området rundt hytta ei oppleving. Her er benkar og fine berg, bålplass og stiar. Her kan store og små tumle, og gjer det! Med det alle håpar blir ein varm og fin vår i kominga, bør trafikken opp til Lauvåsloptet ikkje bli mindre i tida som kjem!

Med gode livegar og stiar er det enkelt og greitt å kome seg opp til Lauvåsloptet. Så er det stigning, men lov å ta ein pust i bakken! - Klikk for stort bileteMed gode livegar og stiar er det enkelt og greitt å kome seg opp til Lauvåsloptet. Så er det stigning, men lov å ta ein pust i bakken! Ole Birger Lien