Om minibuss og møtestader i Valle ungdomsråd

Valle ungdomsråd samla seg i kommunehuset nyleg og gjekk gjennom ulike aktuelle saker med den kommunale administrasjonen og den politiske leiinga.

Valle ungdomsråd samla i kommunehuset i Valle. - Klikk for stort bileteValle ungdomsråd samla i kommunehuset i Valle. Ole Birger Lien

Ordførar Lars Tarald Myrum orienterte om fleire tema. Han greia ut om ordninga med minibussar til utlån, og peika på at aktivitetar og møtestadar for ungdom også er avhengig av innspel.

– Kommunen har stadig ledige lokalar til aktivitet. No er det til dømes på gang gamingkafé i soknehuset på Rysstad. De må formidle behovet, så arbeider me vidare ut frå det, sa han.

Myrum orienterte også om nye Valle kultursenter for ungdomen, eit bygg der også dei skal ha sin tumleplass.

Om budsjettet

Kommunedirektør Vidar H. Homme presenterte det vedtekne budsjettet i Valle kommune, og streka under at ungdomen må vere med på å påvirke kommunen også i budsjettsamanheng. Valle ungdomsråd skal etter kvart ha eige temamøte om dette. I tillegg kom plan- og næringsrådgjevar Kay Arne Søgård for å greie ut om prosessen med kommunedelplan Brokke.