På jakt etter ny rektor til Valle skule

Det skal tilsettast ny rektor ved Valle skule, og kommunedirektør i Valle kommune, Vidar H. Homme, håpar på mange og godt kvalifiserte søkjarar.

– Ei av dei meir spennande stillingane ein kan finne i arbeidsmarknaden, meiner han.

Kommunedirektør i Valle, Vidar H. Homme, håpar på mange søkjarar til stillinga som rektor ved Valle skule. - Klikk for stort bileteKommunedirektør i Valle, Vidar H. Homme, håpar på mange søkjarar til stillinga som rektor ved Valle skule. Ole Birger Lien

Dagens rektor, Marit Jaabæk Brokke, har vore i stillinga i 10 år. Ho skal no vidare til ein jobb som rådgjevar i utdanningsavdelinga i Agder fylkeskommune, og ein ny kost trengst altså på skulen i Valle.

– Mykje godt arbeid ligg til grunn for det som skal skje på Valle skule i åra som kjem. Rektor er ei viktig stilling som også går inn i kommunedirektøren si leiargruppe, seier Homme.

Inkluderande opplæring

På Valle skule er hovudmålsetninga inkluderande opplæring, positivt læringsmiljø og eit solid samarbeid mellom elevar, lærarar og foreldre.

– Tilretteleggjing for tilpassa opplæring, tidleg innsats og eit stimulerande læringsmiljø har vore og er viktig. Det har blitt jobba målretta for å skape eit god miljø som leverer ut robuste og trygge elevar, seier kommunedirektøren.

Auka læringsutbyte

Gjennom kompetanseløftet i skulen har ein hatt som mål å bidra til auka læringsutbyte og trivsel blant elevane, og samstundes å styrke skulen slik at ein kan møte stadig aukande krav til kvalitet i utdanninga. 

– Rektor får ei nøkkelrolle i oppvekstsektoren. Stillinga er både variert og spennande, på ein skule med engasjerte tilsette, flotte elevar og eit godt miljø. Det er godt høve for kurs og etterutdanning, kommunen har bedriftsleilegheit i Kristiansand og me kan hjelpe til med å skaffe grei og rimeleg bustad. No håpar eg at alle som brenn for skule og kan tenke seg ei leiarrolle søkjer stillinga, seier kommunedirektør Vidar H. Homme.

Spørsmål om stillinga kan rettast til kommunedirektør Vidar H. Homme på tlf 90018240, eller rådgjevarane i rekrutteringsbyrået Headvisor Merete Svendsen på tlf 95186331 og Janne Siri Horne på tlf 90721164.

Søknadsfristen på stillinga er 1. mai. HER kan ein sjå utlysinga og søke på stillinga.