Pågang næringshage kan gje lokalt næringsliv i Valle eit lyft

Næringshage, flyktningar i arbeid og mykje meir var tema under næringsfrukosten på Sølvgarden hotell nyleg.

Frå næringsfrukosten på Sølvgarden hotell. - Klikk for stort bileteFrå næringsfrukosten på Sølvgarden hotell. Valle kommune

Det var Valle kommune som baud inn lokalt næringsliv til eit uformelt møte med brødmat og innspel om det meste som handlar om næring. Det vart ein innhaldsrik samankomst.

Flyktningar treng praksisplass

Frå flyktningetenesta kom Birgit Homme Harstad for å fortelje om flyktningar som treng både praksisplass og språklæring, og etter kvart ordinært arbeid. Lars Tore Gakkestad frå NAV var også med. Han greia ut om ulike støtteordningar for verksemder som tar inn flyktningar. Det er i dag 31 ukrainske flyktningar i Valle kommune, og det er fatta vedtak som opnar for å ta imot ytterlegare ni i år.

Pågang næringshage

Under næringsfrukosten presenterte Pågang næringshage sitt opplegg, ei ordning som er del av det offentlege verkemiddelapparatet. Med statleg finansiering gjev dei råd til verksemder, og staten dekker 75% av kostnadene. Å få hjelp krev heller ingen søknad, og ein kan få hjelp til det meste, til dømes om ein treng hjelp til å søke midlar frå Innovasjon Norge.

– Ein god samankomst. Valle kommune skal vere ein medspelar for lokalt næringsliv. Går det bra for lokale verksemder, ja då går det bra for kommunen. Oppslutninga om næringsfrukostane me skipar til lovar godt, meiner kommuendirektør Vidar H. Homme.