Påskemøtet i Valle onsdag flytta frå Sæbyggjen til kommunehuset

På grunn av røyklukt etter branntilløpet i det offentlege toalettet i Sæbyggjen i Valle sentrum tysdag kveld er det årvisse påskemøtet mellom Valle kommune og hyttefolket onsdag 27. mars flytta til kommunestyresalen i kommunehuset.

Påskemøtet i Valle onsdag 27. mars er flytta frå Sæbyggjen og hit til kommunehuset. Møtet går føre seg i kommunestyresalen frå klokka 10-12. - Klikk for stort biletePåskemøtet i Valle onsdag 27. mars er flytta frå Sæbyggjen og hit til kommunehuset. Møtet går føre seg i kommunestyresalen frå klokka 10-12. Ole Birger Lien

Programmet er ikkje endra som fylgje av flyttinga, heller ikkje tidspunktet. 

Informasjon

Det betyr at frå klokka 10-12 kan kommunen kome med sin informasjon, ulike aktørar som Raudekrossen og politiet er med, og ikkje minst skal hyttefolket sjølv få kome til orde. Men i kommunestyresalen i kommunehuset altså.