Vikar for kommuneveterinær i Valle og Bykle dei neste fire vekene

Frå no og i fire veker framover er Andrea Flaten frå Iveland vikar for kommuneveterinær i Valle og Bykle.

Flaten, som i tillegg til å vere veterinær er sauebonde med eigen gard i Iveland, kan ein nå via det kommunale veterinærnummeret, som er 90044036. Dette er også nummeret til vakttelefon utanom ordinær arbeidstid.