Første øykta med Iana i Vallehalli vel unnagjort!

Som me har skrive om tidlegare er ein av dei ukrainske flyktningane i Valle tidlegare topp handballspelar på internasjonalt nivå. No har Iana Sitenko gjennomført si første handballtrening i Vallehalli for born mellom 8-14 år.

Iana med handballflokken i Vallehalli. - Klikk for stort bileteIana med handballflokken i Vallehalli. Birgit Homme Harstad

Litt av oppskrifta for at Iana skulle kunne gjennomføre treningane er at lokale foreldre passar på hennes born medan treningane går føre seg. Det har altså ordna seg, og tysdag var det full rulle i hallen!

Spelt på toppnivå

Iana har spelt på lag som Ukraine Dnepranca og ikkje minst landslaget i Ukraina, kampar i cup både i VM og EM, og bør difor verkeleg vere rusta til å både lære frå seg men også vekke idrettsgleda hjå borna som blir med på treningane. Den første øykta, der åtte flotte jenter deltok, viser i alle fall at her er det potensiale! 

– Lokale foreldre aktiviserte borna i hallen som ikkje skulle vere med på handballen, mellom anna Iana sine born. Dette fungerte ypperleg. No har me kjøpt inn nye handballar, og ser verkeleg fram til flotte treningar i tida som kjem, seier flyktningekonsulent i Valle kommune, Birgit Homme Harstad.

Treningane i Vallehalli er tysdagar frå klokka 17-18.

Full rulle! - Klikk for stort bileteFull rulle! Birgit Homme Harstad