Ladestasjonen i Valle sentrum stengt denne veka på grunn av opprusting

Som del av den grøne korridoren gjennom Setesdal har det poppa opp ladestasjonar for El-bilar oppover riksveg 9 dei siste åra. Denne veka er likevel ladestasjonen i Valle stengt.

Ladestasjonen i Valle sentrum er stengt frå måndag 22. april og ut veka. - Klikk for stort bileteLadestasjonen i Valle sentrum er stengt frå måndag 22. april og ut veka. Anette Brottveit

Så er det heldigvis ikkje så langt for den som må få lada bilen på veg opp eller ned Setesdal. Både på Rysstad og i Bykle er stasjonane i drift. Ladestasjonen i Valle sentrum er stengt fordi anlegget skal styrkast og utbetrast.